Quantcast
Channel: Kystmagasinet
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564

Det blir brukt mindre legemiddel i norsk fiskeoppdrett

$
0
0

Kvart år publiserer Folkehelseinstituttet grossistbasert statistikk for sal av legemiddel i norsk fiskeoppdrett, mellom anna antibiotika, middel mot lakselus, innvollsorm og overflateinfeksjonar. Sjå artikkelen 2019: Bruk av legemidler i fiskeoppdrett. Den har tabellar og forklaring av tala.

Gir von om betre resistenssituasjon

I norsk fiskeoppdrett er bruken av fleire slag legemiddel på veg ned. Det gjeld særleg legemiddel mot lakselus, viser dei nye tala for 2019. Forbruket av antibiotika har vore lågt i heile perioden frå 2010 til 2019, men det blei ytterlegare redusert i 2019.

– Det reduserte forbruket av legemiddel mot lakselus gir von om at resistenssituasjonen på sikt kan betre seg, seier seniorrådgivar Irene Litleskare i Folkehelseinstituttet.

Dei fleste legemidla er på veg ned

Forbruket av dei ulike midla mot lakselus, innvollsorm og overflateinfeksjonar varierer noko frå år til år, men over tid er det ein tendens til at forbruket går ned.

Bruken av desse legemidla er på veg ned, med nokre unntak.

•            antibakterielle middel

•            middel mot lakselus

•            middel mot innvollsorm

•            middel mot overflateinfeksjonar på fisk i ferskvatn

Bruken av roande og bedøvande middel har auka eller er stabil.

Legemiddel i fiskeoppdrett

Dette er legemidla som blir nytta i fiskeoppdrett:

  • Antibakterielle middel: antibiotika og kjemoterapeutika som blir brukte mot bakteriar og andre sjukdomsframkallande mikroorganismer
  • Middel mot lakselus: parasitt- og insektsmiddel
  • Middel mot innvollsorm: Middel mot bendelmakk (Eubothrium sp.)
  • Middel mot overflateinfeksjonar på fisk i ferskvatn: middel mot sopp på fisk
  • Roande og bedøvande middel

Kilde:  Felleskatalogen, Legemidler til dyr, www.felleskatalogen.no

Artikkelen «2019: Bruk av legemiddel i fiskeoppdrett» viser utviklinga i salet av dei ulike legemidla. Dei blir brukte og doserte ulikt, og kilotala kan difor ikkje summerast, men må sjåast kvar for seg.

The post Det blir brukt mindre legemiddel i norsk fiskeoppdrett appeared first on Kystmagasinet.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564