Kvoten er fastsett med utgangspunkt i berekningsmodellar utarbeidde av vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC). Kvoten gir fullgod sikkerheit for berekraftig fangst på vågekvalbestanden. Dei siste åra har den norske kvoten for fangst av vågekval vore på 1286 dyr, medan fangstane dei tre siste åra har auka frå 464 dyr i 2012 til 736 dyr i 2014.

- Ved å slå saman fangstområda gjer vi det enklare og meir fleksibelt for kvalfangarane. Med ein romsleg kvote legg vi til rette for vidare stabilitet og gode rammevilkår i kvalfangstnæringa, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.