Det er inngått ein samarbeidsavtale med Slipen Mekaniske AS for å også kunne tilby djupvasskaier, slipping og alt av verftstenester til kundar med fartøy i regionen. Samarbeidet starta på best mulig måte med ein storordre i Sandnessjøen der vi gjennom samarbeidet med Slipen på rekordtid fekk fartøyet i drift igjen.
Verkstaden inneheld avansert balanseringsutstyr for turbo-rotorar opp til 1.000kg. Dette dekkjer alt av fartøy som går langs norskekysten i dag. Den nye turboverkstaden i Sandnessjøen har lokalt lager for å sikre kundane kort nedetid, høg kvalitet og dei sparar både tid og pengar når dei slepp å sende turboar eller deler langvegs frå.
SEVI TURBO tilbyr overhaling, balansering, reparasjon og bytteordning for små og store turboar frå verkstaden i Sandnessjøen, i tillegg til dei 5 andre verkstadane SEVI TURBO har i Noreg. Det vil også bli publisert nytt frå SEVI TURBO om fleire verkstadar både i utlandet og i Noreg innan kort tid, seier Roger Kaldhol
SEVI GROUP er ein tverrfagleg leverandør for maritim næring med segmenta SEVI TURBO, SEVI MOTOR og SEVI ELEKTRO. Frå etableringa i 2009 har SEVI vakse til å verte ein viktig leverandør av tenester til maritim industri. SEVI har verkstadar langs kysten av Noreg; i Skien, Bergen, Fosnavåg, Kristiansand, Svolvær og Sandnessjøen.
The post SEVI TURBO til Sandnessjøen appeared first on Kystmagasinet.