– Vi er glade for at Olje- og energidepartementet har høyrt på våre innspel i denne saka og avslått søknaden om ytterlegare utsetting, seier informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle.
Det har skjedd mykje på dei 12 åra etter at konsesjonen blie gitt, og ein stor del av grunnlaget er uttdatert.Havsul I er planlagt i eit svært viktig gytefelt for NVG-sild (Norsk vårgyttande sild) og andre fiskeartar.
– Ei utbygging i dette området ville utgjere ein stor trussel mot både gyting og fiskeriinteressene. Vi håpar vidare at dette avslaget er eit signal om at styresmaktene framover vil ta meir omsyn til fiskeriinteressene i samband med vindkraftkonsesjonar.
Fiskebåt har tidlegare omtalt denne saka og også levert inn ein klage på NVE sitt vedtak som ga utbyggar utsetting. Dette kan lesast her;https://fiskebat.no/artikler/fiskebat-klager-pa-utvidet-frist-for-vindkraftanlegg