Quantcast
Channel: Kystmagasinet
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564

Heldt tilbake skip – sikra lønn til fiskarar

$
0
0

– Det er veldig bra at Sjøfartsdirektoratet avdekker denne type saker, og at samarbeidet med andre etatar fungerer. Regjeringa har ein tydeleg ambisjon om styrka innsats mot arbeidslivskriminalitet, mellom anna gjennom skipinga av fleire A-krimsentre og eit styrka samarbeid mellom dei viktigaste etatane på området, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Tiltaka frå Sjøfartsdirektoratet førte til at mannskapet fekk utbetalt betydelege summar uteståande lønn.

På vei om bord for tilsyn. Foto: Sjøfartsdirektoratet, Steinar Haugberg.

-Sjøfartsdirektoratet fekk informasjon som indikerte at mannskapet ikkje hadde fått lønna som var avtalt, og at dei hadde uteståande lønn frå fleire månader tilbake i tid. Vi fekk og melding om at fleire hadde reist heim og ut av Noreg utan å få utbetalt hyra for arbeidet om bord. Ved tilsyn om bord fann direktoratet at arbeidskontraktar var utforma på russisk. Også annan dokumentasjon knytt til lønnsutbetalingar var på russisk. Mannskapet om bord hadde mindre engelskkunnskapar og direktoratet måtte difor innhenta nødvendig språkkompetanse for å kunna kontrollera innhaldet i kontraktane, seier avdelingsdirektør Alf Tore Sørheim, som er leiar av avdeling for operativt tilsyn i Sjøfartsdirektoratet.

I dei to aktuelle sakene vart det etterspurt dokumentasjon frå bank på at fastlønn for ein bestemt periode tilbake i tid hadde gått til utbetaling. Etter innhenting av dokumentasjon frå reiarlaget og banken deira over fleire dagar, og omfattande kontroll av desse, vart det utbetalt betydelege beløp til fiskarane.

– Dette syner kor viktig det er at Sjøfartsdirektoratetog andre relevante aktørar, vert varsla når ein har mistanke om manglande løn, eller andre forhold rundt arbeids- og levevilkår. Vi håpar også at denne informasjon gjer at reiarane vert sitt ansvar bevisst og betalar ut den løna som dei tilsette rettmessig har krav på, seier Kristin Egenberg, som jobbar som jurist i avdeling for operativt tilsyn.

Rapporter må skrives. Foto: Sjøfartsdirektoratet, Steinar Haugberg.

Skipssikkerhetslova og «Work in fishing Convention» (ILO 188) gir grunnlag for tilsyn med utanlandske fiskefartøy i norske hamner. Det må skiljast mellom lønn og lott, og direktoratet har ikkje heimel for å kontrollera lønnsnivået til den enkelte fiskaren. Direktoratet skal likevel kontrollera at mannskap om bord har skriftlege arbeidskontraktar som regulerer arbeidsforholdet og hyra, og at avtalt fastlønn vert utbetalt månadleg eller regelmessig.

 Sjøfartsdirektoratet samarbeidde med andre relevante aktørar i denne saka. Direktoratet ser at samarbeid med andre etatar og med tolk, saman med auka erfaring frå slike saker, styrker metodane våre for mest mogleg grundig kontroll med lønnsdokumentasjon for sjøfolk, kva slags dokumentasjon som kan aksepterast og måtane vi arbeider på.

– Direktoratet vil fortsetta å ha fokus på arbeids- og levevilkår om bord på både norske fartøy og på utanlandske fartøy i norske hamner, påpeiker Sørheim.

I 2021 er det så langt gjennomført nær 400 hamnestatskontrollar*,  inkluderert kontroll med utanlandske fiskefartøy.

*Hamnestatskontroll er kontroll av utanlandsflagga skip i norske hamner, og er ein del av eit internasjonalt fastsett regelverk og samarbeid.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564