— Vi er heilt avhengige av at fiskeflåten kan trekkje til seg engasjerte og interesserte unge fiskarar. I tillegg til rekrutteringskvotane har vi innført eigne lærlingekvotar og auka skolekvotane. Til saman er dette tiltak som eg håpar skal få fleire unge til å bli fiskarar, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Sidan 2009 har departementet årleg delt ut deltakeradgangar (rekrutteringskvotar) til unge fiskarar som eig fiskefartøy. Ordninga gjeld berre for fiskarar under 30 år som eig fartøy.
Det var i år totalt 41 søkjarar, av dette ei kvinne. Fleire enn ti fiskarar oppfylte vilkåra for nytildeling. Søkjarar med utdanning i kombinasjon med fartstid vart prioriterte.
Desse fekk adgangsløyve
21 søkjarar oppfylte samtlege inngangskriterier i § 3 i forskriften. Søkjarane er fødd mellom 1985 og 1998. Høgaste fartstid var 12 år. Søkjarar som har fått avslag har 3 uker å klage på sitt vedtak.
Navn | Fylke/
kommune |
Født (år) | Ønsket deltakeradgang |
Alexander Gjøse | Sola/Rogaland | 1994 | THS N |
Asle Jørgensen | Selje/Sogn og Fjordane | 1992 | THS N |
David Berntsen | Austevoll/Hordaland | 1993 | Makrell |
Johan Arne Hansen | Nordland/Lødingen | 1987 | THS N |
John Lekhmus | Tromsø/Torms | 1991 | THS N |
Karl Henrik Våge Økland | Bergen/Hordaland | 1986 | THS N |
Kristoffer Trellevik | Sund/Hordaland | 1991 | THS N |
Marius Husevåg | Vågsøy/Sogn og Fjordane | 1992 | THS N |
Rune Andrè Hansen | Hadsel/Nordland | 1985 | THS N |
Øyvind Lund | Tysvær/Rogaland | 1990 | THS N |
The post Ti nye rekrutteringskvoter tildelt appeared first on Kystmagasinet.