Quantcast
Channel: Kystmagasinet
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564

Om flaks, forsking og forvalting i Barentshavet

$
0
0

Det russisk-norske forskings- og forvaltingsamarbeidet har sin del av æra for dei rekordstore bestandane av torsk og hyse, men med til historia høyrer også gode levekår – rikeleg med mat og stadig større beiteområde – som klimaendringane har sytt for. Det skriv Havforskningsinstituttet på si nettside.

Ikkje som i fysikken

– Vi forstår eit stykke på veg som skjer med delar av økosystemet, men vi må berre innsjå at vi – i alle fall ikkje førebels – evnar å ta innover oss kva desse endringane betyr for heile økosystemet i Barentshavet, seier Harald Gjøsæter. Han får følgje av Yury Kovalev frå det russiske søsterinstituttet PINRO.

– I fysikken vil ei lov gjelda når ho først er formulert, men slik fungerer det ikkje i biologien. Her vi må forholda oss til ei konstant utvikling, og det byr på utfordringar når vi skal laga modellar for bestandsberekningane, seier han.

Først marsmøte, så symposium

Yury Kovalev og Harald Gjøsæter sit i programkomiteen for årets russisk-norske havforskingssymposium – det 17. i rekkja. Forutan forskarar frå Noreg og Russland tel symposiet også forvaltarar og representantar frå fiskerinæringa (frå Noreg). Tema i år er langsiktig, berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane i nordlege havområde.
Måndag og tysdag fann det så kalla marsmøtet med Havforskingsinstituttet og PINRO stad. Der føregår meir formelle samarbeidsdrøftingar, og det vert inngått avtalar om felles aktivitetar, metodebruk, datautveksling e.a. Det har etter kvart vore nærare 40 slike marsmøte, men dette er første gongen møtet er lagt til Bergen, melder Havforskningsinstituttet.

Stram økonomi og nedskjeringar på russisk side går utover toktaktivitet og datainnsamlingar, fortel Yury Kovalev. Han understrekar at samarbeidet med forskarkollegaer frå Noreg er spesielt viktig i slike tider.

– Norske resultat frå Barentshavet er med på å fylla kunnskapshòl på russisk side. Andre gonger er det vi som hjelper nordmennene med våre data.

The post Om flaks, forsking og forvalting i Barentshavet appeared first on Kystmagasinet.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564