Quantcast
Channel: Kystmagasinet
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564

Ny teknologi gir kvalitetsfisk frå “Molnes”

$
0
0

Nordic wildfish med samarbeidspartnarar har i dag presentert miljøteknologiprosjektet ved Vard sitt hovudkontor i Ålesund. Partnarane i prosjektet er frå ”blå” og ”grøn” sektor. Reiarlaget Nordic wildfish presenterte prosjektet saman med representantar frå forskingsmiljøet og Innovasjon Norge.

I eit banebrytande utviklingsprosjekt har Nordic wildfish satsa stort på å utvikle og ta i bruk teknologi som bevarer villfisken sin opphavelege kvalitet frå den halast om bord i båten til den ligg på fatet til forbrukaren. Sentralt i prosjektet er å utnytte fersk restråstoff til å produsere verdifull protein og olje ved hjelp av hydrolyseteknologi.

DSC_0166

Molnes  under ombygging.

Utnytter 100 %

Nordic wildfish har satt seg som mål å utnytte 100 prosent av ressursane dei rår om. Med ombygginga av frysetrålaren ”Molnes” er dei svært tidleg ute med å ta i bruk ny teknologi, og har gjort båten om frå ein tradisjonell trålar til ei produksjonsplattform for unike produkt.

– Nordic wildfish har i samarbeid med norsk industri, her representert ved Skala, Vard, C-flow, Kuldeteknisk, Seaside, Steeltech og Ulmatec Pyro, vist evne til fornying og verdiskaping kombinert med bærekraft, miljø- og samfunnsansvar, seier Tore Roaldsnes i Nordic wildfish.

Har fleire forskningsprosjekt

Nordic wildfish arbeider dagleg med ei rekkje forskings- og utviklingsprosjekt, mellom anna dette prosjektet som har tittelen: ”Fra en tradisjonell tråler til en produksjonsplattform for differensierte kvalitetsprodukter”. Prosjektet er støtta av miljøteknologiordninga i Innovasjon Norge.

Prosjektet byggjer på ein erkjenning av at reiarlaget opererer i ei konkurranseutsett næring der evne til fornying og krav til berekraft, miljø- og samfunnsansvar blir stadig meir uttalde.

Bidrag frå fleire tidlegare og parallelle kompetansehevande prosjekt er sentrale byggjesteinar for utviklingsprosjektet under miljøteknologiordninga. Realiseringa av denne prosessteknologien vil gi Nordic wildfish moglegheit til å auke si verdiskaping og utbytte ved at marknaden vert tilbydt høgare produktkvalitet, samt at eit heilt nytt produkt – om bord prosessert hydrolysert restråstoff ifrå kvitfisk – vert lansert i marknaden.

DSC_0177

Fra fabrikken om bord.

Heving av råstoffkvaliteten

Utvikling av teknologi for handtering og ivaretaking av kvalitet på levande trålfanga kvitfisk. Molnes er no klar til å føre fangsten levande til bedøvings- og bløggeliner som igjen leverar utblødd fisk til optimaliserte slakteliner for vidare prosessering, samt at alt restråstoffet videreprosesserast i fersk tilstand.

Dei ressursoptimaliserande og miljømessige teknologinyheitene i prosjektet demonstrerer at det på ein berekraftig måte kan haustast meirverdiar hos produsent, og at teknologikonsepta gir grunnlag for auka verdiskaping hjå norske leverandørar.

I eit større perspektiv er ein slik rasjonell og automatisert produksjonsprosess om bord med på å redusere det totale energiforbruket under matproduksjon.

Sikrar best mogeleg slaktekvalitet

Sorteringsbord og levendefisktankar gjer det mogleg at den minst livskraftige fisken sorterast ut og slaktast først, og at den levedyktige fisken arts- og størrelsessorteres for bufferlagring og restitusjon i påvente av slaktekapasitet. Ein slik logistikk sikrar best mogleg slaktekvalitet på heile fangsten.

Utstyr for bedøving og bløggeautomatikk for levande fisk er kommersielt tilgjengeleg, og er i bruk i lakseslakterier. For villfisk har det vore eit uttalt ynskje å tilpasse og teste ut denne teknologien i fullskala om bord i eit havgåande fiskefartøy. Fordelane med å bløgge fisk levande er at dette gir høgare produktkvalitet, og at ein automatisk handtering av fisk vil betre helse- miljø- og sikkerheitsbetingingane for mannskapet i det tungt, manuelt og einsformig arbeid rasjonaliserast bort.

Utnytting av restråstoff – hydrolyse

Prosessline for hydrolisering av restråstoff, designa og utvikla for bruk om bord i ein havgåande kvitfisktrålar er ikkje gjort før. Dette er første fullskala prototype av morgondagens miljøteknologi.

Restråstoffet frå slakteliner om bord i ein frysetrålar utgjer om lag 40 prosent av fiskens rundvekt. Denne protein- og oljeressursen frå marint råstoff har til no ikkje vore utnytta, men gjennom kvalitetsforbetring av produkta, og ein høgare utnyttingsfaktor vil det no vere mogleg å oppnå ein høg verdiskaping per tilverka kilo.

Energiøkonomiseringseffekten oppnås ved at fiskeproteinar, olje og kalsium raffinerast frå alt restråstoff som det er brukt energi til å fiske opp ifrå havet.

Ut over energieffektivisering og høgare utbyttefaktor for reiarlagets del, vil produktet gi etterspurde bidrag til løysingar av dei store miljøutfordringar som oppdrettsnæringa står ovanfor, jamfør problematikken rundt import av ikkje berekraftig hausta marint fór og utstrakt bruk av soyabasert fór. Det er eit uttalt behov for marint berekraftig for i havbruksnæringa.

Energieffektivisering

Prosjektet har i tillegg tatt i bruk teknologi som reduserer forbruk av drivstoff og tilsvarande utslepp til miljøet ved å utnytte overskotsvarme ifrå eksos- og kjølesystema om bord. Det gjer det mogleg å generere grøn utslippsfri energi til prosessanlegga om bord, noko som også reduserer driftskostnadane.

Reiarlaget har i eit anna prosjekt utvikla og prøvd ut eit fullskala pilotanlegg der CO2 er nytta som kuldemedium på frysetrålaren Mtr Roaldsnes. Dette gjer at innfrysingstida reduserast med 25 prosent, og dermed aukar innfrysingskapasiteten om bord. I tillegg til betydelege kvalitetsforbetringar på fisken, kan reiarlaget dokumentere energieffektivisering knytt til auka innfrysingskapasitet og energioptimalisering.

Nordic wildfish

Nordic wildfish (tidlegare Roaldnes), som vart etablert i 1917, er eit av dei største fiskeriselskap i Noreg. Verksemda sysselsett 150 tilsette, og den totale omsetninga i 2015 var på om lag 450 millionar kroner.

Nordic wildfish med partnere

Nordic wildfish har gjennom dette prosjektet realisert prosessteknologi som øker verdiskaping og utbytte gjennom høyere produktkvalitet, samt helt nye og høyverdige produkter gjennom ombordprosessert hydrolysert restråstoff. Prosjektet har i tillegg tatt i bruk teknologi som reduserer drivstofforbruk og tilsvarende utslipp til miljøet.

  • C-flow- mottak av levende fisk – restitusjonslagring
  • Kuldeteknisk – nedkjøling (roe ned fisken) og innfrysning
  • Seaside – bedøving og bløgging
  • Steeltech – prosessering / fabrikken
  • Scala – hydrolyseanlegget
  • Ulmatec Pyro – varmegjenvinning / energiøkonomisering
  • Vard – ombygging av fartøyet

 

The post Ny teknologi gir kvalitetsfisk frå “Molnes” appeared first on Kystmagasinet.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564