Scana Propulsion og Ervik Havfiske AS har inngått avtale om leveranse av framdriftsanlegg for to nye linebåtar som skal kontraherast ved Tersan Shipyard i Tyrkia. Dei to fartøya vert utstyrt med 2-speed gir, cp-propellar og fjernstyring frå Scana propulsion. Skipa er av MT1112 design frå MarinTeknikk. Begge utstyrspakkane frå Scana Propulsion skal leverast frå fabrikken i Norge i løpet av andre kvartal 2017. Skipa er planlagt for levering frå verftet i Tyrkia i første kvartal 2018.
Scana Propulsion og Baatbygg AS har inngått kontrakt på levering av framdriftsutstyr til ombygging av to forskningsfartøy til Havforskningsinstituttet. Kontraktene omfattar komplett anlegg av gir, propell og fjernstyring for oppgradering av 26 år gamle “R/V Johan Hjort”, i tillegg til ein sternthruster til tidlegare “R/V Fridtjof Nansen” som vil bli omdøypt til “R/V Marie Bonnevie” etter ombygging. Leveransane frå Scana Propulsion vil skje innan 2016.
Scana Propulsion skal levere gir og propellanlegg med fjernstyring til ombygging av “R/V Johan Hjort”, og ny tunnel thruster til «R/V Fridtjof Nansen» som etter ombygging blir døypt «R/V Marie Bonnevie».
-Vi er stolte og glade over å sikre nye kontrakter til Scana Propulsion”, seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Scana Volda AS. “Scana Propulsion har fått fleire viktige kontrakter på leveransar til fiskefartøy den seinare tida, noko som bekreftar den sterke posisjonen til selskapet i dette segmentet. Aktiviteten ved Scana Propulsion er delt mellom nysalg og service/ettermarked, og vedlikehald og oppgradering/retrofit står for ein viktig del av omsetninga. I ein stramt marked er det hard konkurranse blant markedsleiande aktørar, og det å vinne kontrakter på så vel nybyggingsprosjekt som retrofit, er ein bekreftelse på konkurranseevne, og evna vår til å yte god og effektiv service til kundane”, avsluttar Pettersen.
Scana Propulsion er eigd av Incus Investor.
The post Nye kontrakter til Scana Propulsion appeared first on Kystmagasinet.