Quantcast
Channel: Kystmagasinet
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564

Verdas største verneområde kjem i Antarktis

$
0
0

Vedtaket kjem etter ein årelang prosess i CCAMLR (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources), der forslaget om vern er fremja og forkasta ei rekkje gonger. Under det årlege kommisjonsmøtet, som fann stad i den australske byen Hobart, greidde medlemslanda å bli samde. CCAMLR inkluderer EU og 24 land. Det melder Havforskningsinstituttet.

Vern og økosystemforståing

Ross Sea MPA (MPA etter engelsk Marine Protected Area) er om lag like stort som Norden. Nesten tre fjerdedelar (72 %) er ei såkalla no-take-sone, stengt for alt fiskeri. Forskingsdirektør Geir Huse på Havforskingsinstituttet seier at det omfattande vernet sikrar mange antarktiske artar og leveområde framover.

– Antarktis er eitt av dei minst påverka havområda i verda. Det er likevel ei kjennsgjerning at dei antarktiske artane er utsette for stress frå den globale oppvarminga. Å stengja eit så stort område mot negative menneskelege aktivitetar er eit viktig tiltak – spesielt med tanke på vern av økosystemet, men også for å betre forståinga vår av korleis vi påverkar det, seier han.

Eitt norsk fartøy i Rosshavet

Historisk sett har Rosshavet vore viktig for Noreg. Det var her Roald Amundsen starta ferda for å erobra polpunktet, og det har vore fleire kvalfangststasjonar i området. I dag er det årlige linefisket etter tannfisk den einaste aktiviteten i Rosshavet som involverer norske fartøy (for tida eitt). Dette fiskeriet vil bli underlagt det nye regulativet, som trer i kraft i desember 2017.

Hausting av krill, som er den viktigaste norske verksemda i Antarktis, skjer andre stader enn i Rosshavet, og blir ikkje råka av vernevedtaket. Noreg er også ein sentral forskingsaktør i Antarktis.

The post Verdas største verneområde kjem i Antarktis appeared first on Kystmagasinet.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564