Quantcast
Channel: Kystmagasinet
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564

Endrar ikkje deltakinga i kongekrabbefisket i 2020

$
0
0

Ut frå tilbakemeldingar i høyringsrunden hausten 2019 har vi vedteke at vi må vurdere konsekvensane av ei eventuell endring av deltakinga. Det blir derfor ikkje gjort endringar i deltakinga i dette fisket frå 1. januar 2020, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Fartøy med høve til å fiske i det kvoteregulerte området kan fange og lande 1530 tonn hankrabbar og 120 tonn hokrabbar. Av totalkvoten hankrabbar er 153 tonn avsett til skadde hankrabbar i det kvoteregulerte området i 2020. Det er avsett 13 tonn hankrabbar til turistfiske, 1 tonn hankrabbar til fritidsfiske og 2 tonn til forskingsformål.

Nytt i kongekrabbefisket i 2020 er at det vert innført ein stengingsperiode i det kvoteregulerte området i april månad av omsyn til at kongekrabben gjennomgår ein lengre periode med skallskifte. Stengingsperioden vil gjelde både for kommersielt fiske og for turistfiske.

Aktivitetskravet for omsetting frå anna fiske for å oppnå full kvote vil framleis vere 200 000 kroner i 2020, men frå 2021 vil kravet bli vurdert auka til 300 000 kroner.

Kravet om at mobile kjøpestasjonar må vere godkjent av Mattilsynet og at det ikkje er høve for fiskemottak å bruke samleteiner vart vedtatt for eit år sidan, men trer av omsyn til innretning for næringsaktørane ikkje i kraft før 1. januar 2020. Spørsmålet om fiskarane sitt behov for få bruke samleteiner har vore høyrt i år, og det er delte oppfatningar om behovet.

– Vi ser at å tillate bruk av samleteiner gjer det mogleg å omsetje kongekrabbe svart, og gjer det vanskeleg for kontrollstyresmaktene å drive kontroll. Hausten har vist at det vert drive utstrekt svart omsetning av kongekrabbe, og vi vil gjere ei nærmare vurdering av om det er behov for å forby bruk av samleteiner i dette fiskeriet, avsluttar Nesvik.

The post Endrar ikkje deltakinga i kongekrabbefisket i 2020 appeared first on Kystmagasinet.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564

Trending Articles


Nissepar fra Arne Hasle


GAMLE PJOLTERGLASS - 15 cm. - HADELAND -


Gjøglere på terrassen


Av: Jotun LADY


DrugExpert Cup V Multi 6 narkotikatest 1 stk


Eiendommer solgt i juli


En hustavle av Arnulf Øverland - Denor keramikk


Lurer dama til å svelge sæd


Fartssperre polaris ranger 570 eps


Ledig rom i tomannskollektiv! (30.07.15)