For femte år på rad har Havforskingsinstituttet køyrt krilltokt rundt Sør-Orknøyane, som er eit av dei tre viktigaste områda for fisket etter antarktisk krill i Sørishavet. I tillegg til tradisjonell overvaking blei det også gjennomført pionerarbeid undervegs i toktet. For å undersøka overlevinga til krill som har passert ut gjennom trålmaskene, vart det utvikla eit trål- og akvariesystem om bord.
Overlevingsforsøk på krill
For er det berre den krillen som hamnar på dekk som blir offer for krillfisket? Kva med krillen som går gjennom trålen og forsvinn ut av trålmaskene? Kor store masker bør ein krilltrål ha og korleis bør trålen utformast? Spørsmåla opptar CCAMLR (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources) som regulerer alt fisket i Antarktis. Under toktet målte forskar Bjørn Krafft og kollegaene overlevinga hos krill som går gjennom trålposen. Ein spesialtrål med ein finmaska dekkpose over ein vanleg meir grovmaska trålpose blei konstruert for å fanga krillen. Etter påkjenninga vart krillen raskt overført til akvarium og halde der i fleire dagar.
Krillen som unnslapp den tradisjonelle trålposen, vart fanga i eit finmaska nett, og plassert i akvarie. Førebels resultat viser god overleving hos krillen. Foto: Havforskningsinstituttet.
Låge dødsrater
Kontrollgruppene, som blei etablert i akvariemiljøet før eksperimentet starta, viste svært låge dødsrater under heile forsøksperioden. Dei første resultata indikerer at det også er låge dødsrater hos krillen som har vore gjennom trålmaskene. Tala kan vera mykje høgare for eksempel hos pelagisk fisk, fortel Bjørn Krafft.
– Noko av forklaringa på at krill er så robuste, er truleg at dei har eit såkalla eksoskjelett på utsida. Det beskyttar mot mekaniske skadar som kan oppstå ved trenging eller kontakt med trålmaskene. Krillen er også langt meir rørleg enn vi tidlegare har trudd.
Krillmengda varierer veldig
Den tradisjonelle krillovervakinga viser at det er ein voldsam variasjon i krillmengda både geografisk og frå år til år. Årsakene er berre delvis kjende, seier Georg Skaret.
– Vi håpar å få enkelte svar når resultata i næraste framtid skal summerast opp og settast i samanheng med krilldemografi og fysiske forhold. Vi skal også samanlikna våre funn med tilsvarande overvakingsresultat frå amerikanske, tyske og britiske forskingstokt som er køyrde i dei to andre viktige fiskeområda. I 2013 vart det plassert ut ein akustisk rigg på ca. 300 meters djup i sokkelskråninga på ein av dei viktigaste krillfiskelokalitetane. Riggen vart plukka opp i år, og det er henta ut eit datasett som viser heile årssyklusen til krillen rundt dette eine punktet.
Mykje is i sør
På grunn av pakkis er det ofte vanskeleg å få til ei fullstendig dekning etter planen på krilltoktet. I 2013 var heile området sør og deler av området nord for øyane dekt av is, i fjor var berre enkelte deler heilt i sør isdekt, mens det i år var store område i sør som ikkje var tilgjengelege på grunn av isen.
– I år hadde vi derfor laga til eit stratum i nord der vi venta dei største krillmengdene, og hadde ekstra høg innsats her med tette kurslinjer, fortel Skaret.
The post Gode overlevingstal for antarktisk krill som passerer trålen appeared first on Kystmagasinet.