Quantcast
Channel: Kystmagasinet
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564

Verdens minste «sløye og kappemaskin Loppa» klar for kvitfiskflåten

$
0
0

Havfront som er etablert i Bremanger kommune av gründerane Oddbjørn Gudmundsen frå Karmøy og Marius Strømmen frå Rugsund. Dei starta med ideen og konseptet, å kunne skape verdens minste og enklaste sløye og kappemaskin. Ei maskin bygd på enkle, men geniale prinsipp slik at fiskaren sjølv kunne gjennomføre vedlikehald. Maskina skulle også forenkle kvardagen om bord slik at fiskaren kunne skifte ut «tollekniven» med ei maskin som kappa hovudet av fisken samtidig som buken vart snitta så fint at han kunne ta vare på lever og rogn.

Verdens minste Sløye & kappemaskin

Vi lika å kalle «Loppa100», for verdens minste sløye & kappemaskin. Vi har ikkje sett eller høyrt om så små og lette maskiner for kvitfisk. Verdens minste sløye og kappemaskin vart teikna og utvikla av Oddbjørn, som er utdanna Ingeniør innan produktutvikling og maskindesign ved Høgskulen i Ålesund. Han har brukt eit store antal timar på å finne dei beste løysingane, slik at maskinen både lita og lett. Gjennom nøye og grundig 3D modellering har Oddbjørn klart å skape ei maskin som fiskarane no kan bruke om bord på båtar ned til 36 fot eller ca 10 m. Noko som ikkje har vore mogleg tidlegare.

Sløye & kappemaskina «Loppa100» sine vitale mål:

Fisketype Torsk, sei, hyse, brosme og longe m.fl.
Fiskestorleik Opptil 12 kg
Vekt 160 kg
Lengde 1 m
Bredde 0,5 m
Høgde 1,2 m
Hastighet 2,5 sekund pr fisk
Mengde 3,2-3,5 tonn pr time
Straum 24V
Hydraulikk 45 l/min
Trykk 100 bar
Operatør 1 person

Tydleg stolt og letta gründerar kan no konsentrere seg om å få sløye og kappemaskina ut til kundar langs Norske kysten. Vi ynskjer i første omgang å selje maskiner på Norskekysten slik at vi kan følgje dei opp under første tida. Interessa har vore stor, og no vil vi velje båtar som ynskjer ny teknologi, og i tillegg er obs på at ny teknologi kan føre med seg nokre barnesjukdomar, seier Marius Strømmen.

Havfront 2

M/S «Aspholm» har kjøpt verdens minste sløye og kappemaskin. Den blir montert i løpet av hausten.

Spesiell maskin for Brosme, Longe og Medium + fisk.

Vi har ved dei siste testane sett at maskinen passar svært godt til bruk på Longe, Brosme og medium + fisk. Testane av maskina om bord på M/S Stormhav synte at vi takla svært godt fisk frå 5kg opptil 12 kg alt avhengig av art og nakkestorleik. Kombinasjonen av sløying og kapping av haud på Longe og Brosme gjere denne maskinen unik, noko autolineflåten har synt interesse for. Testbåten M/S Stormhav har gjort ein kjempe flott jobb gjennom IFU-prosjektet som Innovasjon Norge la opptil. Dei har test ut maskina om bord frå Sogn & Fjordane i sør til Finnmark i nord under ulike forhold og sesongar.

Internasjonal marknad

Vi merkar stor pågang frå den internasjonale marknaden sidan maskina er så lita, men også fordi den treng lite vedlikehald. Telefonar og mailar frå alle verdensdelar har prega tida til Marius veka etter fiskerimessa. Det er spennande å få spørsmål om maskina både frå Australia, New Zealand, Sør Afrika, Canada, Grønland og Norden. Vi ynskjer no å få maskina i drift om bord på båtar som tek omsyn til at det er første generasjonsmaskiner der feil kan oppstå.

Framtida skal vi forme ilag med fiskarane

Havfront er ikkje ferdig med denne versjonen. Vi har tankar og idear både om vidareutvikling av denne maskina, men også nye maskiner. Så vi vil være eit selskap som set fiskarane sin behov i førarsete når vi utviklar neste versjon eller neste maskin. «Å gå på kaikanten, mens enn slår av ein prat med fiskarane er det mest spennande med å arbeide med Havfront. Fiskarane snakkar rett frå levra, og legg aldri fingrane i mellom», seier gründerane bak Havfront.

The post Verdens minste «sløye og kappemaskin Loppa» klar for kvitfiskflåten appeared first on Kystmagasinet.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2564

Trending Articles


Nissepar fra Arne Hasle


GAMLE PJOLTERGLASS - 15 cm. - HADELAND -


Gjøglere på terrassen


Av: Jotun LADY


DrugExpert Cup V Multi 6 narkotikatest 1 stk


Eiendommer solgt i juli


En hustavle av Arnulf Øverland - Denor keramikk


Lurer dama til å svelge sæd


Fartssperre polaris ranger 570 eps


Ledig rom i tomannskollektiv! (30.07.15)