– Dei vitskapelege råda viser at makrellbestanden er på veg nedover, og det har vi tatt på alvor når årets kvote vart fastsett, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Kyststatane er dessutan samde om å setje ned ei arbeidsgruppe som skal samle informasjon om utbreiinga til makrellen. Formålet er å få eit godt grunnlag for vidare forhandlingar om kvotefordeling. Arbeidsgruppa skal presentere sin rapport seinast 28. februar neste år, og partane er samde om å møtast i mars for vidare forhandlingar.

– Det er bra at kyststatane har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på utbreiinga til makrellen. God informasjon er ein føresetnad for ein god avtale om fordeling og bør kunne bidra til å motverke overfiske av makrell, seier fiskeri- og havminister Skjæran.